torsdag 6. januar 2011

God bok eller?


Ei god bok skal vere spannande og gje ein ustoppelig leselyst, slik at du ikkje kan leggje han frå deg. Han skal vere fantasi eller science fiction. Eg personleg liker å sjå ende på ting, så for meg bør boka ikkje vere alt for lang, rundt 200 sider er perfekt, mens 300 eller meir er litt i meste laget. 

Johan Harstad ha truffe spikaren på hovudet og bomma totalt med same boka for meg, pga den lange pinefulle starten. Boka går ca 150 sider med ikkje anna en forberedelser til måne ekspedisjonen. Til tross for den kjedelige starten, tar boka seg opp når dei først kjem til månen og vert så spanande at du ikkje kan leggje ho frå deg. 

Til tross for uklart bodskap og tema, og ein lang og keisam start har Johan Harstad skreve ei kjempe bra bok. Det har vore bra lesestoff i jula og mange søvnlause netter.

Tema og Bodskap


Johan Harstad skriv godt og skaper ein lyst til å lese meir, men bodskapen er vanskeleg å plukke ut frå teksten. Vis det noko kan tenkjast å vere bodskapen kan det vere; ”du veit ikkje kva du har før du mister det.” 

Eks. Mia sitter på månebasen for seg sjølv etter at straumen er borte. Ho tenkjer på dei der heime som ho ikkje får sjå igjen. Ho tenkjer på venene sine frå ekspedisjonen som er mest sannsynleg daude. Har gjeve opp.

Når det gjeld tema kan det være fleire en eitt av dei. Du kan sjå på det som "løgn og bedrag" sidan hemmeleg stempla informasjon vert heldt tilbake, eller du kan sjå på det som "himmel og helvete" sidan Harestad kommer med ein teori om at månen er definisjonen på hellvete, mens på jorda er alt vel og er bokstavelig talt himmel på jord.